Kaninbyen er skriven av Stavangermannen Arild Rein. Den handlar om den tidligare politimannen Jonny Roxmann, som hamner på skråplanet. Han er bor i ei lita hytte, i kolonihagen på Eiganes. Roxmann har ingen fast inntekt lenger, og har derfor tenkt å tene pengar på å selje bakte poteter på gladmatfestivalen. Han går til anskaffing av ei potetvogn, som han kjøper av ein Indar. Han blir kjent med ein som han kallar “puddelen”, han er ein ven av thailandske Kim, som Johnny fort får eit godt auge til. Puddelen treng pengar, og får derfor jobb hos Jonny under gladmatfestivalen. Planen er å tene mest muleg, og han stel derfor bacon frå butikkane. En gong han er på Sports Club for å trena finn han ei lommebok, og stel kontantane. “Kaninbyen” kallar han Stavanger, dette kan komme av at han samanliknar innbyggarane med Kaninar. Kaninane bor jo gjerne i innhegning, og lever i si eiga litle verd, dessutan så former dei seg utruleg raskt. Johnny er også misnøgd med korleis samfunnet i oljebyen fungerer. Han meiner folk er for opptekne av utsjånaden, sjølv drit han bokstavelig talt i koss han og kolonihagen ser ut.
På gladmatfestivalen går salet bra, og han satt igjen med overskot. Han betalar Puddelen det som han har lova, og tek resten sjølv. Potetvogna dumpar han på sjøen ved Mortavika, og satsar på å få pengane igjen på forsikringa. Etter gladmatfestivalen bestemmer Johnny seg for å bestilla utlandsreise, han vil vekk frå Stavanger ei stund.
Dei siste vekene har han hatt ganske god kontakt med Kim, og han har funne ut at ho passar på sin gamle og senile far. Jonny meiner òg at ho jobbar seg ihel, og prøver å få faren inn på pleieheim. Seinare kommer Kim opp i kolonihagen, og spør kvifor han gjorde det. Jonny er ein meister i å lyga, og over beviser Kim om at han ikkje vet noko om saka, og lovar å hjelpe henne.
Boka slutter med at han går ut i drivhuset for å henta nokon grønsaker, fordi han skal laga mat til Kim. Politiet kommer da plutseleg inn i hagen, og lurar på om Kim er der. Han lyg nok ein gang, og seier at ho ikkje er der. Politiet opplyser om at ho er mistenkt for menneskehandel.
I boka blir Stavanger by, og innbyggarane sterkt kritiserte. Boka viser Stavangers mørke sider, samfunnet som ligger i skugga av det vellykka olje-samfunnet. Eg trur forfattaren meiner at folk i Stavanger lev utan å møte motgang! Mottoet i Olje-Noreg er: La faen andre jobba som slavar og skapa verdiar så kan me fjellaper sitta på fjelltoppane våre og skumma fløyten og runka kvarandre. Det er jo produksjon det òg. (Rein 2004, s.31)
Banning er eit verkemiddel som er mye brukt i boka, og for enkelte kan det bli for mye. Samtidig er banninga med på å forsterka inntrykket av at hovudpersonen gjer litt “faen” i det meste. Banninga er også med på å understreka at Jonny lever i Stavangers kriminelle miljø og vil verka som ein røff type. Det er ikkje like velbrukt i alle situasjonar, det virkar som om forfattaren bare har putta banneord inn i enkelte setningar utan mål og meining. Eg måtte smila. Humøret mitt fauk opp og ned som ei jævla horetruse. Det var kanskje denne mistrua, denne jævla pessimismen, denne kjensla av å leva utan illusjonar, som gjorde at eg faen aldri blei skuffa, eller sjeldan skuffa lenge, og at denne gi-faen-i-alt-kjensla i sin tur gav meg ei heilt eiga livsglede. Eg visste faen ikkje. (Rein 2004, s. 69)
Eg tykkjer at boka var grei nok, eg har lese betre bøker, men også dårlegare. Det interessante med boka var at me fekk innsyn i Stavanger og byens skuggesider. Eg tykkjer det vart for mye klaging og syting utover i boka. Etter mitt syn blir derfor dette “kiosk-litteratur”, ei bok du ikkje ofrar så mye ettertanke. Boka har eit avgrensa publikum, fordi du må ha litt kjennskap til byen for å få forstå dei geografiske områda. Eg anbefaler boka til personar frå 10.klasse og oppover, fordi språket er såpass grovt. Dessutan trur eg ikkje yngre personar har interesse av å lese denne typen bok.
Kjelder:
Rein, Arild “Kaninbyen” 2004,Samlaget.
Bilde: Rabbit through fence
http://picasaweb.google.com/lh/view?q=Rabbit+fence&psc=G&filter=1#5503810372688414450
Bilde: Rabbit through fence
http://picasaweb.google.com/lh/view?q=Rabbit+fence&psc=G&filter=1#5503810372688414450